Til arrangement

Samtale, debatt og foredrag

Problem under debatt: Steffen Kverneland

Samtale med Steffen Kverneland

Tegning av Steffen Kverneland
Foto: Steffen Kverneland
Tegning av Steffen Kverneland
Foto: Steffen Kverneland
Tegning av Steffen Kverneland
Foto: Steffen Kverneland

Gratis - inga påmelding

Dato

ons 24. april

Tid

19:00 - 20:15

Stad

Voss bibliotek

Kva moglegheiter ligg i teikneserien? Og korleis kan den seriøse teikneseriekunsten vera samfunnsrelevant?

Steffen Kverneland er teikneserieskapar og illustratør, med ei mengd kritikarroste utgjevingar bak seg. I sine nyskapande bøker er han ikkje redd for å gå inn i vanskelege tematikkar, som då han i "En frivillig død" (2018) teikna fram forteljinga om sjølvmordet til sin eigen far, eller då han fortalde den sårbare, men samstundes morosame, skildringa om si eiga historie i boka "Brillegeit" (2021).

I fjor gav Kverneland ut ei ny sjølvbiografisk teikneseriebok, «Skygger», med teikningar og forteljingar om kvardagslykke som når som helst kan knusast av plutselege krisar som krig, pandemi, sjukdom eller død, men også om kjærleiken mellom far og adoptivson, skjønne sølepyttar og mystiske steinar i skogen.

På kva måtar er det annleis å handtera alvorlege tema i teikneseriar? Kva moglegheiter ligg i samspel mellom bilete og tekst? Og tenkjer Kverneland at han set problem under debatt?

Møt Steffen Kverneland i samtale med bibliotekar og formidlar Silje Solstad.

"Problem under debatt" er ein arrangementsserie frå Voss bibliotek, som undersøkjer kor levande norsk samtidslitteratur er i dag, ut frå den gamle premissen frå litteraturforskaren Georg Brandes (1842-1927) om at "Det, at ein litteratur i våre dagar lever, viser seg i, at den set problem under debatt". Serien er støtta av Kulturrådets ordning for litteraturformidling.

Relatert litteratur

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content