Lånereglar

Sist oppdatert 28. feb. 2024

Lånereglane gjeld Voss bibliotek på Voss kulturhus og filial ved Kulturbanken i Granvin.

Om å låne

Alle som bur i landet kan få lånekort på biblioteket. Med lånekort på biblioteket kan du låna bøker, tidsskrift, filmar og andre medium.

Det er gratis å låna og bruka biblioteket, men du må betala for utskrifter og kopiering.

Lokalt lånekort gjeld ved ditt lokale bibliotek. Nasjonalt lånekort gjeld i heile landet.

For å få lånekort treng du legitimasjon som har personnummer og bilete. Gyldig legitimasjon kan vera pass, førarkort eller annan ID. Born under 15 år må ha underskrift av foreldre eller føresette. Born kan få lånekort frå fyrste klasse.

Bibliotekpersonalet har teieplikt og vernar om låneopplysningar. Voss bibliotek er oppteken av å verna personopplysingane dine. Difor handsamar vi dei i samsvar med den gjeldande personopplysingslova.

Som lånar er du forplikta til å:

  • Ta ansvar for alt som er lånt med lånekortet
  • Behandla biblioteket sitt materiale pent
  • Levera utlånt materiale innan fristen
  • Erstatta skadar på, eller tap av materiale
  • Sørga for at rett kontaktinformasjon er registrert i vårt system

Lånetid

  • Bøker og lydbøker: 4 veker
  • Film, dataspel og tidsskrift: 2 veker
  • Språkkurs: 4 eller 8 veker

Materialet kan fornyast to gonger dersom ingen ventar på materialet, eller etter avtale.

Har du bøker/medium ut over lånetida, sender biblioteket påminning. Det er purregebyr for vaksne.

Etter 2. purring blir det sendt rekning, bøker/medium må erstattast. Om du har mista lånekortet, må du betala gebyr for å få nytt kort.

Gebyr og erstatningskrav

Gebyrsatsar for Voss bibliotek
BrukarnivåFyrste purringAndre purring
Vaksen30,-50,-
Born0,-0,-

Erstatningssatsar for Voss bibliotek
MaterialtypeErstatningssatsar
Vaksen skjønnlitteratur400,-
Vaksen faglitteratur500,-
Barnebøker300,-
Musikk/CD200,-
DVD200,-
SpelOpp til 1000,-
Tidsskrift/teikneseriarOpp til 150,-
SpråkkursOpp til 1500,-
Tapt lånekort20,-

Erstatning for bøker med særskilt verdi vert vurdert ved kvart einskild tilfelle. Erstatningssummen skal dekka innkjøp av erstatningsmateriell og arbeidet med tilrettelegging for utlån.