Bli lånar

Sist oppdatert 9. okt. 2023

Lånekort

Det er gratis å bruka biblioteket og å låna bøker, tidsskrift, filmar og andre medium. Dersom du vil låna med deg noko heim, eller nytta nokre av tenestene våre, må du ha lånekort.

Kan eg få lånekort på Voss bibliotek?

Alle som bur i Noreg kan få lånekort hjå oss. 

Her kan du registrera deg som ny lånar

Når du registrerer deg på nett, får du eit midlertidig lånarnummer. Ta med legitimasjon når du besøker biblioteket for å få lånekortet.

Du kan også koma innom biblioteket og fylle ut registreringsskjema her. Hugs legitimasjon.

Born kan få eige lånekort frå 1. klasse. Born under 15 år må ha underskrift av føresette.

Dersom du allereie har nasjonalt lånekort frå eit anna bibliotek, kan du bruka kortet her, men du må registrera kortet i skranken før du kan nytta deg av tenestene i biblioteket.

Kostar det noko?

Det kostar ikkje noko å få lånekort.

Det er gratis å låna og bruka biblioteket, men du må betale for utskrifter og kopiering.

Ansvar

Du er ansvarleg for alt som er lånt på kortet ditt.

Føresette er ansvarlege for alt som vert lånt ut på lånekortet til born fram til bornet fyller 18 år.

Bibliotekepersonalet har teieplikt, og vernar om låneopplysningar. Dette gjeld både opplysningar om deg som person og om kva du låner.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content