Meirope bibliotek i Granvin

Inngangsparti, over døra står det Kulturbanken
Foto: Voss bibliotek
Inngangsparti, over døra står det Kulturbanken
Foto: Voss bibliotek
Inngangsparti, over døra står det Kulturbanken
Foto: Voss bibliotek
Sist oppdatert 9. okt. 2023

Kva er meirope bibliotek?

Granvin bibliotek er eit meirope bibliotek. Om du har lånekort, kan du difor nytta biblioteket også utanom betjent opningstid. Du låser deg inn sjølv med lånekort og PIN-kode.

Låneautomat

På låneautomaten kan du levere, låne, sjekke status og fornye bøker.

Tinging av bøker/reserveringar og innlevering av fjernlån, skal alltid skje innafor betjent opningstid.

Kontrakt

For å få tilgang til meirope, må du signera kontrakt. Dette må gjerast i betjent opningstid.

Aldersgrense er 15 år. Brukarar mellom 15 og 18 år må ha signatur frå føresette. Born under 15 år kan ta følje med ein vaksen.

Tillit og ansvar

Bruken av det meiropne biblioteket byggjer på eit gjensidig tillitsforhold mellom brukar og bibliotek. Brukar har eit særskilt ansvar for å følgje retningslinene i kontrakten.

Biblioteket er felles eigedom, som skal vere til glede for alle. PIN-kode og kort er personleg, og skal ikkje lånast ut til andre.

Det er installert fotokamera i biblioteket for å trygge brukarane, og for å verne om biblioteket sitt inventar og utstyr.

Alle lånarar må ta hensyn dersom det er ope eller lukka arrangement på biblioteket under meirope. Tilskiping av arrangement og tinging av lokale til lukka føremål, må alltid avtalast på førehand.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content