Til tenester og tilbod

Samlinga vår

Lokalsamling og slekt

Voss bibliotek har ei stor lokalsamling med bøker om Voss og vossingar.

Bøker og skilt frå Lokalhistoriesamlinga
Foto: Voss bibliotek
Bøker og skilt frå Lokalhistoriesamlinga
Foto: Voss bibliotek
Bøker og skilt frå Lokalhistoriesamlinga
Foto: Voss bibliotek

Lokalsamling

Voss bibliotek si lokalsamling inneheld litteratur om Voss og vossingar, litteratur av forfattarar frå Voss eller forfattarar med tilknyting til Voss.

Voss bibliotek freistar å kjøpa all lokalhistorisk litteratur etterkvart som det kjem ut.

Biblioteket si lokalsamling inneheld også bøker som Voss Ættesogelag eig eller har kjøpt inn til biblioteket.

I samlinga vår finn ein også boksamlinga etter filosofen Hans Skjervheim.

Ein del av den lokale litteraturen er diverre ikkje til heimlån, men må brukast/lesast på biblioteket. I lokalsamlinga på biblioteket står bøkene som ikkje er til utlån. Dei lokale bøkene som er til utlån, står i biblioteklokalet. Skjervheimsamlinga er til heimlån.

I lokalsamlinga finn du:

  • Gardssoger
  • Slektsbøker
  • Handels -og bedriftshistorie
  • Lag- og foreningshistorie
  • Skjønnlitteratur av forfattarar frå Voss

Slektsgransking

Voss bibliotek samarbeider med Voss Ættesogelag og kan hjelpe deg om du er på leit etter slekta. Ættesogelaget held dei fleste møta sine i biblioteket. Desse møta er opne for alle.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content