Til tenester og tilbod

Samlinga vår

Bokbussen

Eit rullande bibliotek, der barna i skulane og barnehagane kan låna barne- og ungdomsbøker.

Ein blå buss med fargerike teikningar på, foran bussen ein bokbussbibliotekar
Foto: Voss bibliotek
Ein blå buss med fargerike teikningar på, foran bussen ein bokbussbibliotekar
Foto: Voss bibliotek
Ein blå buss med fargerike teikningar på, foran bussen ein bokbussbibliotekar
Foto: Voss bibliotek

Bokbussen vitjar skular og barnehagar i Voss herad. Unnateke dette tilbodet er dei sentrumsnære skulane og barnehagane, som har gangavstand til biblioteket.

Bokbusstenesta er ei utviding av skulebiblioteket, og er eit godt og viktig tilbod for born og ungdomar i Voss herad. Voss er ein av fem kommunar i Hordaland som har denne tenesta.

Bokbussen vitjar normalt dei einskilde skulane og barnehagane kvar tredje veke.

Bokbussruta 2023/2024

Barnehagane får lånekort til dei ulike avdelingane, medan lærarane i skulen får eigne lånekort, som er knytt opp mot dei sjølve og skulen. Elevane får normalt lånekort frå 2. trinn, men kan om ynskjeleg få det i løpet av det fyrste skulåret.

For å få lånekort må ein fylla ut innmeldingsblankett, og levera den på bokbussen eller biblioteket.

Lånekortskjema for barn finn du her

Lånetid for bøker lånt på bussen, er normalt to «stopp» fram, det vil seia seks veker. Om det kjem skuleferiar inn i lånetida, vert lånetida tilsvarande lenger.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content