Medlemmene av Klodeklubben kosar seg i sommerferien når det dukkar opp ein diger luksusbåt på fjorden. Det skal speles inn ei scene til ein ny superheltfilm. Men det blir mykje forureining. Så blir maska til superhelten borte, og Klodeklubben får skylda. No må dei reinvaske seg. Kodeklubben består av Vanja, Sivert og Mo som bur i ei lita bygd på Vestlandet, men sjølv på ein liten stad kan miljøkriminalitet skje så dei tre vennene må stadig ut på jakt etter miljøskurkar. Boka inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen. Spenning for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.