23. juni - 17. august
Sommer-Ubok
Bli med på Sommer-Ubok! Ein lesekampanje for deg mellom 13 - og 19 år.
Fyll ut dine lesetips i skjema her, eller kommenter på Instagram eller TikTok.
Sjå boktips og anbefalingar her: Lister – UBOK_NO
Kven kan være med på Sommer-Ubok?
Sommer-Ubok er for deg mellom 13 og 19 år, født mellom 2006 og 2011. Det er for deg som har vorte for stor for Sommarles, for deg som har lyst til å prate om bøker, og for deg som vil vinne fine premiar
Kva kan du vinne?
Ubok.no trekk ein premie ein gong i veka, og ein større premie på slutten av sommaren.
Du kan vinne:
- Bøker og bokpakkar
- Bokmerker, «annotating kit», skrivesaker, pins, og mykje meir.
- Gavekort på bokhandel
Premier for bokbingoen vert trekt 1. september. Send inn bilde av utfylt bingoark til post@ubok.no eller på DM på Instagram.
Når er Sommer-Ubok?
Sommer-Ubok varar fra 23.06 til 17.08, og bokbingoen må sendast inn 1. september for å bli med i trekninga.
Korleis kan du delta på Sommer-ubok?
Det er to måter å delta på:
- Kvar veke: Svare på veka si utfordringar på Instagram, TikTok eller i eit Google Forms-skjema. Ubok.no trekk ein vinnar kvar måndag fra 30.07.25 til 18.08.25, og det vert trukke ein premie kvar veke på tvers av Instagram, TikTok og Google Forms-skjemaet. Du kan delta med to lesetips på kvar av plattformane per veke. Spørsmåla er kategoriar frå bokbingoen som du finn her.
- Heile sommaren: Les og fyll ut felt i bokbingo-arket som er ramma for heile Sommer-Ubok. Her er det ikkje om å gjøre å lese fortast eller mest — all deltaking tel, og alle som leverer er med i premietrekningen som blir gjort 1. september.