Utsyn mot verda: Reidar Müller om jorda si klimahistorie
Kva kan fortida lære oss om framtida?
Gratis - inga påmelding
Jordas klima har aldri vore stabilt, men har skifta mellom å vere eit drivhus og eit ishus. Går vi 55 millionar år tilbake, var planeten vår over fem grader varmare enn i dag, medan ho for 20 000 år sidan var fire grader kaldare. No er me igjen på veg inn i drivhuset – raskare enn før og for eiga maskin. I den kritikarroste boka "Ild og is" (2022) spør geolog Reidar Müller kva jordas djupare klimahistorie kan fortelja oss om framtida. Korleis såg verda ut då jordas klima var berre litt varmare enn i dag? Kva hende sist gong Golfstraumen kollapsa? Og når levde det alligatorar og kamelar i Arktis? I eit føredrag krydra med overraskande fakta, vitskapshistorie og ny forsking, hjelper Reidar Müller oss å forstå bakgrunnen for den klimakrisa vi står ovanfor i dag.
Foredraget er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.