Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina
Odd Karsten Tveit i samtale med journalist Nils Kvamsdal
Gratis - inga påmelding
Tidlegare NRK-korrespondent Odd Karsten Tveit har arbeidd i og med Midtausten i snart 50 år. I sin nye bok Palestina. Israels ran, vårt svik (2023) fortel han den konfliktfylte historia frå danninga av staten Israel i 1948 og fram til i dag. I ein personleg bok, prega av historier og notat frå eit langt reporterliv, tar Tveit eit oppgjer ikkje berre med Israelsk okkupasjonspolitikk, men også med norsk og vestleg veikleik. Møt Odd Karsten Tveit i samtale med journalist Nils Kvamsdal.
Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.
Relatert litteratur
Palestina
Tveit, Odd Karsten