Notelangs: Samspel som nøkkel til å lykkast saman

Samtale, debatt og foredrag
For alle

Velkommen til samtale og trommesirkel i biblioteket!

Trommelars trommer med en gjeng
Trommelars trommer med en gjeng
Trommelars trommer med en gjeng

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 24. oktober 2023

Tid

18:00 - 19:30

Kvifor gir musikalsk samspel ei så sterk oppleving av kreativ forløysing? Og korleis kan musikk nyttast som inngang til utvikling av personleg leiarskap?

Gisken Holst er utdanna psykolog og er med på å drive Solstrandprogrammet - eit program for norske toppleiarar. Her nyttast mellom anna musikk og kunst aktivt som inngang til utvikling av det personlege i leiarskapet. Gisken arbeider mykje med grupper, relasjonar og arbeidsmiljø, og korleis dynamikk og sosiale prosessar utviklar seg i grupper.

Lars Kolstad er musikar og musikkpedagog og har spesialisert seg på å forvandle kva som helst gruppe menneske til eit pulserande rytmisk orkester. Trommesirkelen blir ein levande metafor for korleis me som gruppe lukkast med å samhandle, og svaret får me straks gjennom musikken me skapar. Kva krevst av lytting, dedikasjon, mangfald og leiing - om me skal lukkast med å skape noko ingen av oss kan meistre åleine, men som me likevel alle støttar heilhjarta opp om?

Nøkkelordet er mangfald som rikdom. Det handlar om korleis me kan møte potensialet som finst i ei gruppe, slik at det kan frigjerast til noko samskapande. Kan det vere slik at det er relasjonane me byggjer mellom oss som gjer musikken meiningsfull? Før me slepp samtalen laus, får me høve til å gjere våre eigne erfaringar: Me inviterer publikum med på trommesirkel!

Arrangementet er ein del av Notelangs, ei arrangementsrekke med paneldebattar, utøvarsamtalar og lytteverkstadar. I samarbeid med Annabel Guaita.

Notelangs: Samspel som nøkkel til å lykkast saman | 24. okt. 18:00 | Voss bibliotek