Lokalhistorisk webinar i Kulturbanken i Granvin
Vestland fylkeskommune inviterar til webinar med temaet "Kulturhistorie gjev lokal identitet"
Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Granvin bibliotek - Møterommet
Arrangør
Seksjonane for arkiv, bibliotekutvikling og kulturarv i Vestland fylkeskommune arrangerer webinar for lokalhistorieinteresserte. Granvin filial i Kulturbanken i Granvin strøymer webinaret.
Årets webinar tematiserer korleis kulturminne, stadnamn og andre kjelder er med på å byggje den lokale identiteten vår. Difor heiter årets webinar "Kulturhistorie gir lokal identitet".
Program
Kl. 10.00: Velkomen v/ Arnt Ola Fidjestøl, seksjonssjef seksjon arkiv
Kl. 10.05: Stadnamn, språk og identitet v/ Gunnstein Akselberg
Kl. 10.30: Kunnskapsgrunnlag 2023: Bergverk og mineralutvinning på Vestlandet v/ Peter Forras, seksjon kulturarv
Kl. 11.00: Beinstrekk
Kl. 11.15: Prosjekt «Litteratur i gamle hus». Sveio folkebibliotek tar i bruk gamle hus for å formidle litteratur på ein uventa plass, og samstundes vise noko av kulturarven i Sveio v/Kristine Thorkildsen, biblioteksjef Sveio kommune
Kl. 11.30: Stadnamnprosjektet i Gloppen. Gloppen kommune, Gloppen sogelag og Vestland fylkeskommune samarbeider om å samle inn stadnamn frå heile kommunen og publisere dei i kart på internett. Korleis går dei fram, og korleis kan laget ditt gjere det same? v/ Karl Peder Mork, seksjon arkiv
Kl. 11.45: Lokalt samarbeid mellom historielag og bibliotek i Samnanger. Historielag og biblioteket i Samnanger samarbeider om fleire arrangement. I 2022 hadde dei eit prosjekt om lokale foto med innsamling og utstilling v/ Tor Wold
Kl. 12.00: Pause
Kl. 12.20: Skulen min-prosjektet. Skulenmin.no er ein nettportal til skulehistorie. Lær om dei ulike kjeldene til skulehistorie, og korleis du kan bidra til å fylle ut hola i historia v/ seksjon arkiv
Kl. 12.50: Kulturhistorisk museum i Bergen fortel om ombygging og vegen vidare.
Kl. 13.20: Avslutning
Om du ikkje har anledning til å koma til biblioteket, men ynskjer å følgje arrangementet på nett, kan ein melda seg på webinaret ved å gå til Vestland fylkeskommune si sida og registrera seg der.