Fortalt fortid: Alfred Fidjestøl
Korleis formidla ei større historie gjennom forteljinga om eit enkelt biografiobjekt?
Gratis - inga påmelding
Alfred Fidjestøl har gitt ut ei rekkje biografiar og historieverk, blant anna om Per Sivle, Georg Johannesen, Egil Drillo Olsen og sjimpansen Julius. Han vert ofte rost for sin originale inngang til biografiobjekta sine, og i 2014 vart han den fyrste sakprosaforfattaren nokon sinne til å motta Gyldendals Sult-pris.
Fidjestøl reflekterer over dei ulike prosjekta. Kan ein i det heile tatt tala om ein felles metode når biografiobjekta er såpass ulike?
Fortalt fortid er ein arrangementsserie der biblioteket ynskjer å visa fram breidda i norsk historieframstilling, og korleis historia kan formidlast på nye måtar gjennom ulike sjangrar.
Arrangementsserien er støtta av Fritt Ord.