Til arrangement

Føredrag om gotisk skrift

Samtale, debatt og foredrag
Ungdom
Vaksne

Ope foredrag ved Yngve Nedrebø frå Statsarkivet om gotisk skrift

Legg til i kalender
Bilde av gotisk skrift
Bilde av gotisk skrift
Bilde av gotisk skrift

Gratis - inga påmelding

Dato

fre 13. september

Tid

10:00 - 11:00

Stad

Voss bibliotek

Arrangør

Fortidsminneforeningen

Gotisk skrift er ei kanta og spiss, formell handskrift som utvikla seg i Frankrike på 1100-talet. Skrifta spreidde seg derifrå over store delar av Europa. Dette var den dominerande skriftforma i Tyskland på 1400-talet og var den skriftforma Johan Gutenberg brukte som førebilete for den første støypte trykkskrifta. Gotisk skrift omfattar òg ein meir privat, uformell handskriftvariant som utvikla seg i løpet av mellomalderen.

Yngve Nedrebø (f. 1954) bur i Bergen og har arbeidd ved Statsarkivet i Bergen og Statsarkivet i Hamar. Han har hovudfag i historie og har vore statsarkivar i Bergen frå 1995. Nedrebø har skrive artiklar og bøker om lokalhistorie, kjelder og utvandring, og var ein av initiativtakarane til Digitalarkivet.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content