Dobbel boklansering: Åse Lilleskare Faugstad og Einar Bardal
Velkomen til felles lansering med bokbad og opplesing
Gratis - inga påmelding
To lokale forfattarar tar med deg sine nye bøker til lanseringsfeiring på biblioteket. I Sjeler som flyr – eit diktarliv ser forfattaren Åse Lilleskare Faugstad tilbake på livet som skrivande menneske. I boka blandar forfattaren ulike sjangrar – tankar, minne, essays, slektshistorie og noveller. Tekstane talar til alle som reflekterer over livets gang. Den gamle mannen og livet er Einar Bardal sin fjerde roman. I boka blir vi kjent med ein mann som må halde mykje av fortida si for seg sjølv, elles kan han bli riven bort frå den eller dei han er glad i.
På lanseringa vil begge forfattarane samtale om og lese frå dei nye bøkene. Det vil også være mogleg både å kjøpe bøkene og få dei signert.
Om forfattarane:
Åse Lilleskare Faugstad (f. 1941) er ein etablert norsk forfattar og lyrikar, busett på Dale. Ho debuterte med diktsamlinga Ved mitt altar i 1966 og har sidan då gitt ut fleire diktbøker, i tillegg til noveller og forteljingar. Ho er utdanna i språk og litteratur og har arbeidd som lektor m.a. på Voss og i Bergen.
Einar Bardal (f. 1933) debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2016 med romanen Ved Vemod sjø. Bak seg har han ein lang akademisk karriere som professor i ved Institutt for produktutvikling og materialar ved NTNU. Bardal er frå Egge i Nord-Trøndelag og bur no på Voss