Foto: Trøndelag fylkesbibliotek
Gratis - inga påmelding
Dato
ons 29. mars
Tid
16:00 - 17:00
Stad
Fleire arrangement i denne serien
Kva er Shared Reading?
Metoden er enkel. Den går ut på at ein leseleiar les ein skjønnlitterær tekst høgt i ei gruppe, og deretter har gruppa ein samtale om teksten.
Fyrst les gruppa ei novella, så eit dikt. Fokuset i samtalen er ikkje på litterær analyse, men på opplevinga av teksten. Me undrar oss saman. Målet er ikkje å kome fram til ei felles tolking, men å bringa inn forskjellige perspektiv og opplevingar av teksten, slik at me utvidar opplevinga for kvarandre. Me les for å bli klokare på oss sjølv – og andre.