Bokprat med Jawad Raja
Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Jawad Raja fortel om oppveksten sin og om å lausriva seg frå familien sin æreskultur
Gratis - inga påmelding
I samtale med bibliotekar Silje Solstad får me eit nærare innblikk i oppveksten til Jawad Raja. Då han var 15 år, rømde Jawad til barnevernet. Dei neste åra bruker han på å lausriva seg frå familiens æreskultur, finna ut kven han er, kven han kan bli, og vegen fram til forsoning. I Skapt for ære fortel den eldste sonen til Abida Raja om oppveksten i ein norskpakistansk familie på 2000-talet, om å høyra til ein ny generasjon som gjer opprør mot truslar, vald og kontroll. Det er historia om ein ung mann som bryt ut frå familien, og kjempar for å bli eit betre menneske.