Vi følgjer hovudpersonane Pietro og Bruno frå dei er barn til dei er vaksne. Dei kjem frå ulike oppvekstmiljø, men dei deler kjærleiken til fjellet og blir gode vener. Boka har eit rolig ettertenksomt tempo og eit enkelt, nøkternt språk. Forteljinga er lagt til Italia og Alpane og naturen og fjella står i sentrum, med avstikkarar til storbyen. Ei varm og gripande historie, som også er filmatisert. Anbefalast!