Plateslepp: Knut Hamre
Lansering av "Frå scenen - liveopptak frå eit langt liv som spelemann"
Gratis - inga påmelding
Knut Hamre frå Folkedal i Granvin er kjent som ein legendarisk formidlar av slåttespel. At han har vunne landskappleiken klasse A heile sju gonger seier sitt. Hamre har gjeve ut ei lang rekke plater både solo og i samspel med andre musikarar i ulike sjangrar.
Det er vel kjent at mange spelemenn yter sitt aller beste når dei kan spela framfor eit publikum og Knut Hamre er ein slik spelemann. "Frå scenen - liveopptak frå eit langt liv som spelemann" samlar dei beste kappleiksopptaka, supplert med nokre konsertopptak. Det eldste opptaket på plata er frå 1978 og dei nyaste er frå 2001.
Arrangementet er eit samarbeid med Sparebankstiftelsen. Meisterspelar Knut Hamre vil spela i lag med elevane Åsmund Aga Røymstrand og Halvor Falsethås Heierland. Fotograf og folkemusikar Kjell Bitostøl vil vise bilete.