Kulturtreff med Gamleskulen

Musikk og konsert
Vaksne
For alle

Ein torsdag i månaden inviterer me til kulturtreff for dei eldste og yngste i heradet.

Bilete av bandet Gamleskulen
Bilete av bandet Gamleskulen
Bilete av bandet Gamleskulen

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 25. september

Tid

12:00 - 13:00

Stad

Voss bibliotek - Voss bibliotek

Legg til i kalender

Gamleskulen: Frå fjord og fjell til jazz og glede

Gamleskulen tek publikum med på ei musikalsk reise gjennom vestlandets toneskattar – frå tidlege tonar til moderne perler. Bandet er sett saman av rutinerte musikarar med bakgrunn frå jazz, folkemusikk, blues og tradisjonsmusikk, og byr på eit variert og fengande repertoar.

Med kjende og kjære låtar som Gamle Dampen, Skigardsvise og Millom Bakkar og Berg, skapar Gamleskulen ei varm og inkluderande konsertoppleving. Dei har fleire gonger begeistra publikum på Vossa Jazz sin populære konsertserie Eldrejazz.

Konserten er som ein ekte jazzkveld – uformell og levande – der publikum vert inviterte til å syngja eller nynna med. Her er det rom for både nostalgi og nye musikalske oppdagingar!

Ein torsdag i månaden inviterer me til kulturtreff i biblioteket i Voss kulturhus for dei eldste og yngste i heradet!

Eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Voss kulturhus, biblioteket og Voss frivilligsentral.

Velkomen til gratis konsert!