Egil Aslak Hagerup held føredrag om beredskap
Egil Aslak Hagerup er forfattaren bak Noreg si mest selde beredskapsbok "I tilfelle dommedag".
Gratis - inga påmelding
" Kva gjer du når internettet kræsjar, vatnet stoppar eller straumen ryk midt i kokinga av pinnakjøtet jolakvelden? I ei verd der risiko for ekstremver, systemfeil og uføresette hendingar aukar, er eigenberedskap vorte noko for meir enn dei spesielt interesserte. Heldigvis finst det enkle løysingar som faktisk kan gjera ein forskjell i krisesituasjonar."
Egil Aslak Hagerup, forfattaren bak Noreg si mest selde beredskapsbok «I tilfelle dommedag» besøkjer biblioteket tysdag 28. oktober. Ta kveldsturen innom kulturhuset og høyr meir om korleis du fiksar eigen beredskap – ikkje med gassmasker og hermetikk som varar til 2045 – men med realistiske grep som funkar i eigen heim.