Demokratisk beredskap: Odd Isungset om karikaturstriden

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Odd Isungset om det hemmelege maktspelet i kulissane av karikaturstriden

Bilete av Odd Isungset
Bilete av Odd Isungset
Bilete av Odd Isungset

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 26. januar 2026

Tid

19:00 - 20:30

Stad

Legg til i kalender

4. februar 2006 blei Noreg sin ambassade i Syria brent ned av rasande demonstrantar. To dagar seinare skaut norske soldatar mot ei trugande folkemengd i Afghanistan. Demonstrantane hevda at dei protesterte mot karikaturar av profeten Muhammed. Men er det sant at uroa skyldtest såra religiøse kjensler utløyst av nokre teikningar i eit land langt borte? "Dei fordømte karikaturane" handlar om det som skjedde under karikaturstriden for 20 år siden. Korleis nytta ulike aktørar striden til å styrke sin eigen posisjon? I boka viser gravejournalist og forfattar Odd Isungset korleis religiøse og politiske makthavarar i Egypt, Syria, Iran og Qatar brukte karikaturstriden for å sikre eiga makt. I ei dramatisk dag for dag-forteljing skildrar han korleis aktørane handla, og resultatet er oppsiktsvekkande.

Forfattaren har fått tilgang til fortruleg kommunikasjon mellom Utanriksdepartementet og dei norske ambassadane, og nyttar dokumentasjon som ikkje tidlegare har vore kjend.
20 år etter at teikningane først ble publisert, får vi ei ny og meir nyansert forståing av saka. Vi får også ny innsikt i kor hardt pressa utanriksminister Jonas Gahr Støre og Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk vart under striden. Føredraget er ein del av arrangementsserien "Demokratisk beredskap i nyara norsk sakprosa" og er støtta av Fritt Ord. 

Demokratisk beredskap: Odd Isungset om karikaturstriden | 26. jan. 19:00 | Voss bibliotek