Boklansering: «Nåden», av Anne Rivenes

Litteratur og forteljing
Vaksne

Feiring av bokutgjeving frå lokal debutant

forfatterportrett av Anne Rivenes
forfatterportrett av Anne Rivenes
forfatterportrett av Anne Rivenes

Gratis - inga påmelding

Dette arrangementet er gjennomført

Dato

torsdag, 2. november 2023

Tid

19:00 - 20:30

Stad

Arrangør

Voss bibliotek i samarbeid med Anne Rivenes

«Nåden – Ormen og lammet» er eit episk langdikt, ei forteljing om eit kvinneliv på ein vestlandsgard på 1900-talet. Når mora døyr, blir Marta og systera sett bort til nære slektningar. Marta går gjennom livet utan å eiga noko, men saknet etter systera, håpet om ein stad å høyra til, og kjærleiken til natur og arbeid let henne sjå menneske og verda utanfrå, og nåden openberrar seg i glimt på uventa stader.

Om forfattaren: Anne Rivenes bur på Voss. Ho har jobba mange år som journalist, men er også sauebonde og yogalærar. «Nåden – Ormen og lammet» er hennar første bok.

Torsdag 2.november feirar me utgjevinga. Boka blir presentert av Dan Andersen, sjefredaktør for skjønnlitteratur i Bonnier Norsk Forlag, før forfattaren blir intervjua av Lars Mossefinn. Det blir også opplesing til musikk frå Jo Asgeir Lie, boksal og signering. Alle er velkomne!

Relatert litteratur

Boklansering: «Nåden», av Anne Rivenes | 2. nov. 19:00 | Voss bibliotek