Til arrangement

Litteratur og forteljing

Bokdykk med Maria Horvei

Saman med forfattaren sjølv dykkar me ned i romanen Gratulerer med dagen.

Legg til i kalender
Portrettbilete av Maria Horvei
Foto: Erika Hebbert

Gratis - inga påmelding

Dato

fre 5. mai

Tid

18:00 - 19:00

Stad

Voss bibliotek

Maria Horvei frå Bolstad er skribent, kritikar og forlagsredaktør, og i 2022 debuterte ho som skjønnlitterær forfattar med romanen "Gratulerer med dagen".

"Gratulerer med dagen" tek oss med til 17. mai i ei lita vestlandsbygd. Her er det duka ikkje berre til fest, men også for store spørsmål rundt nasjonalkjensle og tilhøyrsle.

Denne maikvelden tek me ein prat med Maria Horvei om romandebuten. Velkomen til bokdykk!

Relatert litteratur

Neste arrangement
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Voss herad