Alf van der Hagen om Dag Solstad  

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Alf van der Hagen gjev oss ei brei innføring i Dag Solstad sitt liv og forfattarskap.

Gratis - inga påmelding

Dette arrangementet er gjennomført

Dato

tysdag, 30. september

Tid

19:00 - 20:30

Stad

Dag Solstad er utvilsamt ein av Noregs viktigaste og mest særeigne forfattarar i nyare tid. Kven var han og korleis kan me lesa bøkane han skreiv?

Alf van der Hagen står bak boka "Uskrevne memoarer" (2013), som vart til over mange års samtalar med Solstad, og som kjem i ei utvida utgåve no i haust.

Føredraget gjev ei innføring i dei mange ulike fasane av Solstad sitt liv og djupt originale forfattarskap. Frå det modernistiske 1960-talet og politiske 1970-talet til det eksistensielle 1990-talet og meir improviserande bøkane han skreiv før han døydde.

Arrangementet passar for både gamle og heilt ferske lesarar av Solstad.
________________________________________
Alf van der Hagen (f. 1962) vart medredaktør i Vagant 1988–1994, kritikar i NRK Kritikertorget 1990–1995 og ansvarleg redaktør i Morgenbladet 2003–2012. I tidsrommet 1993–2000 gav han ut intervjubøkane Dialoger 1–3. For Dag Solstad. Uskrevne memoarer (2013) mottok van der Hagen Kritikarprisen for beste sakprosabok, og for Kjell Askildsen. Et liv (2014) vart han nominert til Brageprisen.

Relatert litteratur

Alf van der Hagen om Dag Solstad   | 30. sep. 19:00 | Voss bibliotek