"Hanne kjenner eit press i brystet, som om det er ein propp på ville vegar der inne også"
Treffsikker og innsiktsfull debut om det å vere ny i yrkeslivet med den tvila og skuldkjensla som føl med. For når det katastrofale skjer, er det eigentleg ein veg attende?
Theresa Wallevik
Voss bibliotek
Om boka
Eigentleg har alt gått på skinner for Hanne så langt i livet. Dei gode karakterane frå vidaregåande har ho veksla inn i seks år på medisinstudiet. Ho har lyse utsikter, gode intensjonar og altfor stor kvit frakk, men det viser seg å vere langt frå lesesal til akuttmottak. Det kan umogleg halde i lengda. Det er ikkje noko som er meir vaksent enn å vere doktor på ordentleg. På gode dagar reddar ein liv, men døden kjem vel så ofte. Hanne prøver hardt å vere flink lege , medan ho manøvrerer mellom trøytte bakvakter, rasande pårørande og ei overhengande frykt for å gjere feil. Så skjer det som ikkje skal skje. Hanne si verd ramlar saman, og ho byrjar å tvile på sin eigen verdi både med og utan stetoskopet kring halsen. Du vil kjenne eit lite stikk er ei forteljing om skuld, straff og forsoning - og om å møte den rette i livet.