Rom og utstyr
For alle
PCar, internett og kopimaskin
Biblioteket har datamaskiner som våre brukarar kan nytta, gratis trådlaust internett og kopimaskin.
På biblioteket kan du bruka våre publikumsPCar, nytta internett og bruka kopimaskina til, kopiering. Det er også mogleg å få "rett kopi" av originaldokument.
Det er for tida ikkje mogeleg å ta utskrift på biblioteket. Me ventar på å få på plass ei sjølvbetent løysing.
Internett
Biblioteket har gratis trådlaust nettverk. Nettverket og passordet får ein i biblioteket.
Datamaskiner
På biblioteket har me tre PCar som våre brukarar kan nytta. Ein av desse PCane blir nytta til å lesa i PressReader.
Kopimaskin
Ein kan få hjelp på biblioteket til å ta utskrifter, kopiera og skanna dokument. Biblioteket sine tilsette kan også bekrefta rett kopi på originaldokument.
Ein må betala for utskrifter. For A4 kostar det kr. 3,- per sida svart/kvitt, og kr. 6,- per sida som er med farge. For A3 kostar det kr. 6,- per sida svart/kvitt og kr. 12,- per sida med farge.
"Rett kopi" er ei stadfesting av at kopien er identisk med originalen. Me kan ta rett kopi når det ikkje er tvil om at det er eit originaldokument som skal kopierast.
Om ein har eit originaldokument der ein ynskjer rett kopi av, kostar det kr. 7,- for rett kopi-stempel.
Å skanna dokument er gratis.
Du kan betala kontant eller nyttta Vipps.