Til tenester og tilbod

Samlinga vår

Frøbiblioteket

Så frø du har lånt på biblioteket. Lever tilbake frø sanka frå planta du har dyrka.

Frø som spirar
Frø som spirar
Frø som spirar

Lån frø i skranken, og så dei heime.

Når hausten kjem, prøver du å sanka frøa frå plantane du har dyrka. Frøa leverer du til biblioteket, slik at andre kan låna dei året etter. Ta gjerne bilete av det du har dyrka, og del det på Instagram #vossfrøbibliotek 

Har du elles frø til overs, og vil dela dei med andre, tar me veldig gjerne i mot. Skriv namn på frøsorten, og lever frøa i skranken på biblioteket. På biblioteket deler me frøa i passande porsjonar, og pakkar dei i frøkonvoluttar for vidare utlån. 

Korleis hausta frø

  • Vent til frøkapselen har vorte brun. Ofte vil frøkapselen opna seg litt i eine enden, for å signalisera at han er moden.
  • Haust frøa midt på dagen, ein dag det ikkje regnar. Klypp av heile frøkapselen, og legg han i eit kaffifilter eller liknande. Ikkje bruk plast, då kan frøa rotna.
  • Merk posen godt med kva han inneheld, og legg han på ein tørr og mørk stad for å tørka vidare.
  • Når frøa har tørka, kan du anten velja å oppbevara frøa med frøkapslene videre i kaffefilteret, eller du kan rensa vekk alt som ikkje er frø.
  • Oppbevar frøa i ein konvolutt eller liknande. Merk godt med dato for hausting og kva sort frø det er.
  • Lever inn litt av overskotet til Voss frøbibliotek, så kan me låna det ut til andre neste vår.

Takk for samarbeidet!

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content