Hopp til hovudinnhald

Slektsgransking

Voss bibliotek
Samlinga vår
For alle

Her har me samla nokre tips til deg som ynskjer å finna ut meir om slekta di.

Slektstre
Slektstre
Slektstre

Introduksjon til slektsgransking

Digitalarkivet.no gjev deg tilgang til dokument frå arkiva i digital form. Dette gjeld mellom anna kyrkjebøker, folketeljingar, skifteprotokollar og mykje anna.

Ynsker du å søkja opp ei bok, men er usikker på kva bok som gjeld for din gard? Då kan du søkja på gardsnamnet i gardsregisteret (gjeld gardar i Hordaland og Sogn og Fjordane).

Liste over digitaliserte bygdebøker

Finn slekta di Arkivverket si rettleiing til å koma i gang med slektsgransking

Registreringssentralen for historiske data (RHD), Universitetet i Tromsø Kjeldemateriale som folketeljingar, kyrkjebøker og skiftebøker.

Slekt og Data Medlemsorganisasjon for slektsgranskarar. Mange nyttige lenkjer, mellom anna Gravminner i Norge.

Aviser Mange aviser er digitaliserte og tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Dokumentasjonsprosjektet Mellom anna søk i O. Rygh: Norske Gaardnavne.

Norsk Slektshistorisk Forening Nasjonal foreining for slektsgranskarar.

FamilySearch Slektsgranskingsteneste frå Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage.

Hjelp til å lesa gotisk handskrift Rettleiing frå Arkivverket.

Slektinorge.no Oversikt over nyttige ressursar.

Emigranthistorie

The Statue of Liberty–Ellis Island Foundation Family History Center
Informasjon om emigrantar som kom til Amerika via Ellis Island.

Norway-Heritage Passasjerlister og emigrasjonshistorie frå Norway Heritage.

Norsk Utvandrarmuseum Museum og forskingssenter for norsk utvandringshistorie.

Church History Library Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage har mange kjelder om norske emigrantar som var medlemmar av kyrkja.

Norsk-amerikansk samling Bibliografi over bøker og artiklar i Nasjonalbiblioteket.

På nettet finns det ulike debattforum, til dømes Digitalarkivet sitt debattforum og Norway Genealogy Forum.

Voss bibliotek samarbeider også med Voss Ættesogelag som sit på mykje kunnskap om du er på leit etter slekta. Ættesogelaget held dei fleste møta sine i biblioteket. Desse møta er opne for alle.

Bibliotek som tilbyr tenesta:

  • Voss bibliotek
Slektsgransking | Voss bibliotek