Lokalsamling
Voss bibliotek har ei stor lokalsamling med bøker om Voss og vossingar.
Lokalsamling
Voss bibliotek si lokalsamling inneheld litteratur om Voss og vossingar, litteratur av forfattarar frå Voss eller forfattarar med tilknyting til Voss.
Voss bibliotek tek sikte på å kjøpa all lokalhistorisk litteratur etterkvart som han kjem ut.
Biblioteket si lokalsamling inneheld også bøker som Voss Ættesogelag eig eller har kjøpt inn til biblioteket.
I samlinga vår finn du også boksamlinga etter filosofen Hans Skjervheim.
Ein del av den lokale litteraturen er diverre ikkje til heimlån, men må brukast/lesast på biblioteket. I lokalsamlinga på biblioteket står bøkene som ikkje er til utlån. Dei lokale bøkene som er til utlån, står i biblioteklokalet. Skjervheimsamlinga er til heimlån.
I lokalsamlinga finn du:
- Gardssoger
- Slektsbøker
- Handels -og bedriftshistorie
- Lag- og foreningshistorie
- Skjønnlitteratur av forfattarar frå Voss