
Vaksne
Soria Moria : utvandringa frå Voss til USA
Lån boka
Tilgjengeleg som:
Om boka
Minst 7000 vossingar utvandra til USA. Den fyrste familien reiste i 1836, og dei neste femten åra var Voss truleg den største utvandringsbygda i Noreg. Utvandrarane frå Voss markerte seg mange stadar i Midtvesten, frå den veksande storbyen Chicago tilnye busetnader på prærien, som Koshkonong, Big Canoe eller Fertile. I denne boka kan du lesa om nokre av desse utvandrarane og om korleis dei hevda seg i USA. Du kan til dømes lesa om den fyrste norskamerikanske organisasjonen, skipa av vossingar i Chicago i 1848. Du får høyra om den fyrste lokalavisa for Voss, som Nils T. Bakketun gav ut i Illinois frå 1857. Her står om dei tre vossingane som var sentrale då skistaden Breckenridge, Colorado, vart etablert tidleg i 1960-åra. Og du kan lesa om Andrew Herom, farmaren frå Nord-Dakota som sette Voss på kartet.Eirik Helleve (f. 1965) er utdanna etnolog og har sidan 2012 vore styrar ved Voss folkemuseum.