Oskespiralen

Roman  •  Vaksne

Oskespiralen : roman

Leander Djønne

2022

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Fedrar og søner
  • Småbruk
  • Familievald
"Ru nevar heldt stramt rundt sleggjeskaftet. Sleggja heldt han balansert i brattbakkane. Sleggja og spettet. Han høyrde til her. Ikkje der ute som fjorden opna seg. Her inne var det. Mellom stupbratte fjell. Mellom ras, steinrøyser og jord. Stubbebrytar, feisel, bergjarn, kilar, sleggje, spett. Reiskapar roa han. Kjensla av å arbeide med tida, ikkje mot ho." Sonen har sona straffa si, han ynskjer hemn. Broren leitar etter ljos og frelse. Faren byggjer gravhaugar. Mora ropar frå dødsriket. "Oskespiralen" er ei forteljing om to brørs oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimegarden. I Leander Djønnes særeigne prosa blir valden og raseriet som gjennomstrøymer denne slekta skildra med nådelaus kraft.

Utgåver

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content