Til arrangement

Samtale, debatt og foredrag

Utsyn mot verda: Øystein Tunsjø - kampen om verdsmakta

Velkomen til føredrag

Legg til i kalender
Bilde av Øystein Tunsjø
Foto: Dreyers forlag
Bilde av Øystein Tunsjø
Foto: Dreyers forlag
Bilde av Øystein Tunsjø
Foto: Dreyers forlag

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 2. mai

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Voss bibliotek

USA og Kina er dei fremste supermaktene i vår tid, og dei står midt i ein kamp om verdsmakta som vil forme det 21. hundreåret. Rivaliseringa mellom USA og Kina fører til auka geopolitisk og militær spenning, ny teknologisk og økonomisk utvikling, samt ein endra internasjonal orden.

Korleis har Kina blitt så mektig at dei kan utfordre USA? Kva konsekvensar vil den nye rivaliseringa mellom supermaktene få for NATO, Europa og Noreg?

Øystein Tunsjø er professor og leiar ar av Asia-programmet ved Institutt for forsvarsstudier, Forsvarets Høgskole. Denne våren er han aktuell med boka «Kampen om verdensmakten. USA og Kina i det 21. århundre».

Føredraget er ein del av biblioteket si arrangementsserie "Utsyn mot verda", som tek føre seg ny norsk sakprosa som rettar blikket mot omverda. Serien er støtta av Fritt Ord.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content