Til jord skal du bli - ein rølpethriller frå bygda

Litteratur og forteljing

Voss bibliotek ynskjer velkomen til eit forrykande fint forfattarmøte!

Portrettbilete av Anders Totland
Foto: Marius Knudsen
Portrettbilete av Anders Totland
Foto: Marius Knudsen
Portrettbilete av Anders Totland
Foto: Marius Knudsen

Gratis - inga påmelding

Dato

onsdag, 29. mars 2023

Tid

18:30 - 19:30

I 2022 kom boka "Til Jord skal du bli" av Anders Totland ut, og dette er ei forteljing der me møter ein pensjonert prest som røktar bier, brenn sin eigen sprit, og i løpet av nokre få førjulsdagar plutseleg blir både bestefar og mordar. Det er eit salig kaos. Og ganske artig.

Anders Totland fekk Nynorsk barnelitteraturpris i 2016 for "Engel i snøen" og i 2019 vart boka kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. For "Så lenge ingen ser oss" fekk han i 2018 Ordknappen, eit heidersmerke frå Leser søker bok. Han har òg fått fleire prisar for arbeidet sitt som journalist (kjelde: SNL.no)


Relatert litteratur

Til jord skal du bli - ein rølpethriller frå bygda | 29. mars 18:30 | Voss bibliotek