Søstre. Historia mi etter Utøya
Samtale, debatt og foredrag
For alle
Velkomen til forfattarmøte med Cathrine Trønnes Lie
Foto: Irene Lunde/Vigmostad og Bjørke
Foto: Irene Lunde/Vigmostad og Bjørke
Foto: Irene Lunde/Vigmostad og Bjørke
Gratis - inga påmelding
Dette arrangementet er gjennomført
Søstrene Cathrine (17) og Elisabeth (16) reiste saman til Utøya sommarleir i 2011. Berre ein av dei kom heim igjen. Etter terrorangrepet 22. juli låg Cathrine hardt skadd på sjukehuset då ho fekk vita at søstera Elisabeth var ein av dei drepne.I dag held Cathrine foredrag om korleis ho hadde det før, under og etter opplevinga frå Utøya.
Cathrine Trønnes Lie var i 2011 på Utøyas sommarleir, der ho opplevde det mest utenkjelege. Ikkje berre vart ho skoten og kritisk skadd sjølv, ho mista også dei 14 månadene sin yngre søster Elisabeth. I over 10 år har ho jobba med seg sjølv for å komma dit ho er i dag.
I samarbeid med aktivitetsutvalget i Human-Etisk Forbund