Til arrangement

Prøverommet på Voss Bibliotek

Verkstad og kreativitet
Vaksne
Ungdom

Velkomen til ein eksperimentell kveld på biblioteket!

Bilde av logoen til Prøverommet
Bilde av logoen til Prøverommet
Bilde av logoen til Prøverommet

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 27. april 2023

Tid

19:00 - 21:00

Stad

Voss bibliotek

Arrangør

i samarbeid med Tekstallianse og Prøverommet

Det vil bli opplesingar, tekstilkunstverk, dans og god stemning. Erlend Nødtvedt, Sandra Blichert, Shelmith Øseth, Voss lyrikklag og meir!

Eit samarbeid mellom Tekstallianse, Voss bibliotek og Prøverommet / BIT Teatergarasjen. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Meir om kvelden:

Sandra Blichert vil presentere ein ny ide utløyst av temaet «tekst», som i seg sjølv kjem frå latin og tyder «vevd». Ho prøver ut måtar å animere ord skulpturelt gjennom bruk av tekstilar. «Ord er så små og så tunge på same tid». Sandra tenkjer på «korleis ord kan vere så ringe når dei vert lest flyktig, men tunge om du les dei til akkurat rett tid, når du er mottakeleg for deira kraft og magi»

Sandra Blichert f. 1984 (DK/NO) has a BFA from Gerrit Rietveld Academie, Amsterdam, Kuvataideakatemia, Helsinki and a MFA fra KMD. She works project-based across media and has recently exhibited at Norske Grafikere, Habitat Artspace, Arkivet at Tou Trykk, Visningsrommet USF and Danske Grafikeres Hus in Copenhagen.

Opplesing av Erlend O. Nødtvedt med fleire: Erlend les sine tekstar med særpreg. Då han leste frå diktsamlinga si Bergens beskrivelse for ein full sal med skeptiske ungdomar på DKS i 2019, fekk han stor applaus og ein i publikum utbraut «det var kulare enn Hkeem». 

Tidlegare same dag held Erlend opplesingskurs. Nokre deltakarar frå kurset kan dele opplesingar på dette arrangementet.

Erlend O. Nødtvedt debuterte i 2008 med diktsamlinga Harudes. Sidan den gong har han utgjeve diktsamlingane Bergens beskrivelse (2011), Trollsuiten (2014) og Slekter (2019) – i tillegg til romanane Vestlandet (2017) og Mordet på Henrik Ibsen (2021). Helt frå debuten har Nødtvedt begeistra litteraturanmeldarar, og vert sett på som ein av sin generasjons sentrale forfattarar. «Ein av poesihaustens mest potente og originale utgjevingar», skreiv Bergens Tidendes anmeldar om Nødvedt si diktsamling Bergens beskrivelse (2011)

Medlemer frå Voss lyrikklag vil dele eit utval dikt og prosa. Føremålet til Voss lyrikklag er å fremja interessa for – og bruk av tradisjonell lyrikk og samtidslyrikk. Laget står for arrangement om dikt/tekst/poesi/song og musikk, forfattarføredrag og anna som interesserer skrivande menneske. På fb-sida til laget legg Jan Jøssang ut Månadens dikt. Dette når folk kringom heile landet.

Shelmith Øseth er ein frilans dansar med base i Bergen, Norge. Reisa hennar starta etter deltakinga i Norwegians Got Talent i 2017, der ho mottok ein gullsummer for semifinalen. Shelmith studerte seinare ved Langhaugen dansegymnasium og seinare ved Skolen for samtidsdans i Sverige. Etter å ha blitt med i Fargespill Bergen utvikla Shelmith seinare meir interesse for improvisasjon og samtidskunst i tillegg til ulike tradisjonelle afrikanske dansesjangrar. Shelmith har dei siste åra jobba med både teater- og danseprosjekt både i og utanfor ulike danse-. Kunstneriske rom og teaterselskap, som Teater ZeBU i Danmark, Nasjonalteaterscenen i Bergen, og Bergen Kunsthall, Nordic Black Theatre i Oslo og mange fleire. Shelmith jobba nyleg med å lage sitt eige stykke kalla wakati (tid). Prosjekta ho deltek i fokuserer både på samfunnspørsmål og på dansen sitt reine uttrykk.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content