Til arrangement

Problem under debatt: Olaug Nilssen

Samtale, debatt og foredrag
Ungdom
Vaksne

Velkomen til ein samtale om Nilssen sitt forfattarskap og korleis nokon born treng ekstra omsorg.

Olaug Nilssen som sitter i en bil
Foto: Eivind Senneset
Olaug Nilssen som sitter i en bil
Foto: Eivind Senneset
Olaug Nilssen som sitter i en bil
Foto: Eivind Senneset

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 7. mars

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Voss bibliotek

Olaug Nilssen er ikkje ein forfattar som vegrar seg for å behandle utfordrande tema. Då ho fekk sitt gjennombrot med romanen Få meg på for faen i 2005, skreiv ho om tabu knytt til ungdom og seksualitet. Mens dei tre siste romanane hennar alle handlar om barn som krev ekstra omsorg.

I den sjølvbiografiske romanen Tung tids tale (2017), som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn, eit tema som blei vidareført i Yt etter evne, få etter behov (2020). Hennar siste roman, Uønska åtferd (2023), handlar om ei familie der livet blir fullstendig dominert av omsorgsbehovet til ein psykisk utviklingshemma son, som også byrjar å utagere seksuelt.

Kan desse romanane lesast som uttrykk for noko politisk prosjekt? Og kvifor har ho nettopp valt skjønnlitteraturen som sjanger for å utfordre oss med problemstillingar rundt omsorg, morsrolla, seksualitet og ein velferdsstat som ikkje alltid stiller opp?

Olaug Nilssen blir intervjua av programansvarleg ved biblioteket, Erlend Liisberg.

«Problem under debatt» er ein ny arrangementserie frå Voss bibliotek som undersøkar kor levande norsk samtidslitteratur er i dag, på grunnlag av det gamle premisset frå litteraturforskaran Georg Brandes (1842-1927 om at «Det, at en litteratur i vore dage lever, viser sig i, at den sætter problemer under debat». Serien er støtta av Kulturrådets ordning for litteraturformidling.

Relatert litteratur

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content