Til arrangement

Samtale, debatt og foredrag

Problem under debatt: Brynjulf Jung Tjønn

Velkomen til eit føredrag om utanforskap, rasisme og om å føla seg annleis.

Brynjulf Jung Tjønn i svart t-skjorte
Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm
Brynjulf Jung Tjønn i svart t-skjorte
Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm
Brynjulf Jung Tjønn i svart t-skjorte
Foto: Maria Kleppe Vihovde / Cappelen Damm

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 4. april

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Voss bibliotek

Brynjulf Jung Tjønn fekk stor merksemd og rosande kritikkar for si siste diktbok «Kvit, norsk mann» (2022). Han blei også tildelt både Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris. Boka, der Jung Tjønn byggar på eigne erfaringar, er ein samling vonde og kloke – men tidvis også morosame – dikt om norsk oppvekst og rasisme.

Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge og vekse opp på den mest norske måten, men heile tida bli minna på at ein ikkje ser norsk ut?

Brynjulf Jung Tjønn blei fødd i Sør-Korea, men vaks opp som odelsgut i Sogn og Fjordane. I Kvit, norsk mann skriv han om oppveksten og draumen om å sjå ut som alle andre. Gjennom rystande og komiske situasjonar og refleksjonar, gir dikta oss innblikk i norsk rasisme, fragmentert identitet og utanforskap.

Hadde det ikkje vore enklare om han hadde sett ut som ein kvit, norsk mann? Då ville kanskje ikkje folk spurt han om kor han eigentleg kjem frå.

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er ein kritikarrost og allsidig forfattar, som skriver for både born, ungdom og vaksne. I 2013 vann han Brageprisen for ungdomsromanen "Så vakker du er" og han har også vart tildelt P2-lyttaranes romanpris 2021 for "Kvar dag skal vi vere så modige".

«Problem under debatt» er ein ny arrangementserie frå Voss bibliotek som undersøkar kor levande norsk samtidslitteratur er i dag, på grunnlag av den gamle premissen frå litteraturforskaren Georg Brandes (1842-1927) om at «Det, at en litteratur i vore dage lever, viser sig i, at den sætter problemer under debat». Serien er støtta av Kulturrådets ordning for litteraturformidling.

Relatert litteratur

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content