Til arrangement

Problem under debatt: Leander Djønne

Samtale, debatt og foredrag
Ungdom
Vaksne

Velkomen til ein forfattarsamtale om "Oskespiralen" og valden sine konsekvensar.

Portrett av Leander Djønne
Foto: Baard Henriksen
Portrett av Leander Djønne
Foto: Baard Henriksen
Portrett av Leander Djønne
Foto: Baard Henriksen

Gratis - inga påmelding

Dato

ons 13. mars

Tid

18:00 - 19:15

Stad

Voss bibliotek

I Leander Djønne sin mørke debutroman møter vi ein familie som er gjennomsyra av vald og vreide. Oskespiralen er ei forteljing om to brør sitt oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimgarden.

Boka, som Djønne fekk strålande kritikkar for og vart tildelt P2-lytternes romanpris for, skildrar både drap og mishandling og tematiserer skuld og soning, ondskap, hemn og spørsmål knytta til arv og miljø.

Kor utfordrande er det å gjere så fæle hendingar og dystre tema til stor romankunst? Tenkjer Djønne sjølv at han tek opp alvorlege samfunnsproblem i boka? Og kva meiner han om Brandes gamle krav om at litteraturen må sette problem under debatt?

Leander Djønne blir intervjua av programansvarleg ved biblioteket, Erlend Liisberg.

"Problem under debatt" er ein ny arrangementserie frå Voss bibliotek, som undersøkjer kor levande norsk samtidslitteratur er i dag basert på den gamle premissen frå litteraturforskaren Georg Brandes (1842-1927) om at "Det, at ein litteratur i våre dagar lever, viser seg i, at den set problem under debatt". Serien er støtta av Kulturrådets ordning for litteraturformidling.

Relatert litteratur

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content