Opplesningskurs med Erlend O. Nødtvedt
Saman inviterar Tekstallianse, Voss Bibliotek og Prøverommet til opplesningskurs
Gratis - krev påmelding
Dato
Tid
Stad
Voss bibliotek - Lokalsamlinga og i glaskroken
Arrangør
Påmelding
Å lese frå scenen har blitt ein viktig del av virket til forfattarar i dag.
Sceneopptredena di kan vere ein viktig del av formidlinga av teksten din.
Den kan og ha påverkand på invitasjonar til litteraturscener og festivalar, og til sjuande og sist salstala for boka di.
Saman inviterar Tekstallianse, Voss Bibliotek og Prøverommet til Opplesningskurs med Erlend O. Nødtvedt og Prøverommet,
som denne gongen vil ha særleg fokus på tekst.
Deltakarar vil få muligheit til å lese ein eigen tekst på Prøverommet same kveld.
Praktisk informasjon:
Tid: 27. april 2023 kl. 16:00-18:00
Stad: Voss bibliotek i Voss kulturhus
Prøverommet starter kl. 19:00. Deltakarar vil motta praktisk informasjon på førehand.
Kurset har begrensa antall plassar.
Send ein epost til kontakt@tekstallianse.org for påmelding.
Skriv gjerne kort om motivasjonen du har for å delta på kurset.
Om arrangørane:
Tekstallianse er eit nettverk for litteratur, tidsskrift og kritikk på Vestlandet. Formålet med Tekstallianse er å fremje skriftkulturen på Vestlandet, og medlemskap er gratis.
Voss bibliotek har, sidan dei flyttet inn i Kulturhuset på Voss i 2012, markert seg som ein viktig møteplass og kulturarena, med eit bredt og spanande program.
Prøverommet er eit kunstnerisk prosjekt i regi av BIT Teatergarasjen. Gjennom Prøverommet, kan ein få ein uformell muligheit til å prøve ut nytt kunstnerisk materiale av eit kva som helst medium (dans, teater, poesi osv.) framfor eit publikum.