Kulturtreff: Jula heime
Julekonsert med skodespelar og songar Amalie Jensen Tolo
Gratis - inga påmelding
JULA HEIME er ein julekonsert av skodespelar og songar Amalie Jensen Tolo. Gjennom musikk, song og personlege erkjenningar tek ho føre seg korleis alle kjenslene våre vert sterkare når det er jul.
Om det gjeld saknet og lengsla som oppstår i juletida, stresset over julestria og alt som skulle vert gjort - eller sorga over dei tinga som ikkje blei noko av; for ikkje å gløyma gleda, minna, lysa og håpet i alle krikar og krokar i ei elles mørk julenatt.
Gjennom musikk, personlege historiar og dikt håpar julekonserten å få folk til å kjenna seg heime saman med utøvarane. Nokre songar frå konserten er Heim til jula, Himmel på jord og Det hev ei rose sprunge.
Konserten er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, Voss kulturhus, biblioteket og Voss frivilligsentral.