Samtale, debatt og foredrag
Korleis dela, låna og reparera meir på Voss?
Velkomen til idédugnad!



Gratis - inga påmelding
Voss herad og Næringshagen ynskjer å samla innbyggjarar, gründerar, lag, organisasjonar og etablerte verksemder for å drøfta korleis me kan dela, låna og reparera meir lokalt.
Når vaskemaskina ryk, køyrer du ho til ein verkstad for kvitevarer og ikkje på miljøstasjonen. Den lokale skreddaren fiksar hòlet på buksa di slik at ho varer nokre år til. Du veit akkurat kor du skal gå for å få lånt deg ein slagbor eller andre verktøy du nyttar sjeldan. Og når ungane treng nye fotball- eller bunadssko er det enkelt å kjøpa dei brukt framfor å kjøpa nye. Korleis kan Voss verta ei slik bygd der fyrstevalet er å dela, låna og reparera?
Forbruket vårt skapar store utslepp i andre deler av verda. Gode måtar å få ned desse utsleppa på er å:
- Dela og låna meir på tinga våre i staden for å eiga alt sjølv
- Kjøpa brukt i staden for å kjøpa nytt
- Reparera i staden for å kasta
No ynskjer me å høyra frå alle dykk som ynskjer å dela, låna og reparera meir: Kva er hindringane for å få dette til? Kva treng Voss for å kunna verta ei meir sirkulær bygd?
Påmelding innan 5. juni, her eller gjennom skjema: https://forms.office.com/e/RyGPpRuuGk
Velkomen til idédugnad!