Sosial møteplass
Kjærleikskafé
Velkomen til ein open og utforskande samtale om kjærleiken sin plass i livet
Gratis - inga påmelding
Dette arrangementet er gjennomført
Korleis påverkar tankane om kjærleiken livet vårt? Treng me å reflektere over kjærleiken? Kan fornufta og kjenslene møtast?
Kva er ein kjærleikskafé? Ein kjærleikskafé er ein stad der menneske på tvers av ulikskapar møtast for ein open og undersøkande samtale om kjærleiken som ein del av livet.
Samtalen vert leia av Emil Perón, som er dagleg leiar for STL (Samarbeidsrådet for tru og -livssyn) i Bergen.
Me byr på kaffi og noko å tygge på.
I samarbeid med aktivitetsutvalget i Human-Etisk Forbund