Verkstad og kreativitet
Instrumentmakarar i aksjon – familieverkstad
Instrumentmakarane inntek Voss bibliotek under Osafestivalen!
Legg til i kalender


Gratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Voss bibliotek - Glaskroken
Arrangør
Sjå korleis konservator Wiebke Lüders, gitar- og fiolinmakar Lukas Pawelka og fløytemakarane Stein Villa og Steinar Ofsdal arbeider! Du kan også prøve deg som instrumentmakar!
Heilt sidan 2004 har Ole Bull Akademiet, der Osafestivalen held til, drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Her arbeider både Wiebke og Lukas. Verkstaden har vorte ein stad som mange musikarar og andre hardingfeleinteresserte søkjer til. På felemakarverkstaden reparerer dei hardingfeler og andre typar instrument laga av tre, som t.d. instrument frå fiolin-, gitar- eller viola da gamba-familiane. I spesielle tilfelle repararer dei også historiske tangentinstrument som cembalo eller spinett. Målet er å gje instrumenta best mogleg lydkvalitet og at dei skal vera lettspelte, samstundes som ein bevarar instrumentets orginalitet.
Gratis inngang!
TIPS: Ta med borna på Osarebusen som startar ved Tintrabrua kl.11.30 og avsluttar ved Voss bibliotek.