Forfattarsamtale med Randi Fuglehaug
Litteratur og forteljing
Vaksne
Forfattarsamtale med Randi Fuglehaug
Gratis - inga påmelding
I samtale med bibliotekar og formidlar Silje Solstad får me eit nærare innblikk i forfattarskapen til Randi Fuglehaug. Fuglehaug kjem frå Voss, men bur i dag i Oslo, der ho arbeider som forfattar og journalist. Ho har skrive bøker for både barn og vaksne, og saman med Anne Gunn Halvorsen står ho bak ungdomsromanserien Halve kongeriket. Den første boka i serien, Arvingen, vart filmatisert som Netflix-suksessen Royalteen i 2022.
Fuglehaug er også kjend for sine kritikarroste kriminalromanar om Agnes Tveit: Fallesjuke (2020), Tonedød (2022) og den komande Skallebank (2024), som alle hentar inspirasjon frå heimbygda Voss.