Forfattarsamtale med Marit Beate Kasin

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Om naturen me mistar og korleis me kan få han tilbake

Naturparadokset
Naturparadokset
Naturparadokset

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 25. februar

Tid

19:00 - 20:30
Legg til i kalender

Møt forfattaren i samtale med Hilde Skorve. Har nordmenns hyttedraum vorte naturens mareritt? Lesaren blir med forfattar Marit Beate Kasin til fjells og observerer korleis hyttebygging, alpinanlegg og vegar jagar villreinen vekk. Det er snart ikkje villmark eller naturskog att i Noreg. Sjølv om me har lovfesta det unike mangfaldet i skogen vert verneverdige trær hogd ned. Talet på rovdyr vert halde på eit kritisk lavt nivå.

Vårt overforbruk av naturressursar har ført oss inn i klimakrisa. Ei krise me no prøver å løysa ved å byggja vindkraftanlegg. Slik raserer me uberørte område. Naturparadokset er ei vandring i interessemotsetningar og trua natur. Forfattaren synleggjer gapet mellom intensjonar og praksis.

Er det mogleg å restaurera tapt natur? Kasins rørande møte med fjellrevvalpane viser at den tidlegare utrydningstrua arten no er tilbake i norsk fauna.