Til arrangement

Forfattarsamtale med Eivind Riise Hauge

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Kva gjer det med eit menneske å bli innestengt i ei lita celle store delar av døgnet?

Legg til i kalender
Bilete av Eivind Riise Hauge
Bilete av Eivind Riise Hauge
Bilete av Eivind Riise Hauge

Gratis - inga påmelding

Dato

tor 3. oktober

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Voss bibliotek

Kva gjer det med eit menneske å bli innestengt i ei lita celle store delar av døgnet? Kva skjer når fridomen blir teken frå oss?

Eivind Riise Hauge jobbar på biblioteket i Bergen fengsel ved sidan av forfattaryrket. I Korrektur av et sorgens kapittel, tek han oss med inn bak murane der vi møter fengselsfuglen Rorgen. Romanen gir eit rått og realistisk portrett av ein innsett, og ei stemme til ei gruppe som sjeldan blir høyrde.

Eivind Riise Hauge (f. 1980) debuterte i 2010 med novellesamlinga Victor Tukmakovs siste vinter, og har sidan markert seg som ein allsidig forfattar med utgjevingar i ei rekkje sjangrar: romanar, novellesamlingar, dramatikk og sakprosa.

I Voss bibliotek møter du Eivind Riise Hauge i samtale med bibliotekar og formidlar Silje Solstad

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content