Til arrangement

Evig kjærleik - Den evolusjonære historia

Samtale, debatt og foredrag
For alle

Føredrag om kjærleiken

Bilde av forfatterne
Foto: Foto: Humanist forlag
Bilde av forfatterne
Foto: Foto: Humanist forlag
Bilde av forfatterne
Foto: Foto: Humanist forlag

Gratis - inga påmelding

Dato

tys 13. februar

Tid

18:00 - 19:30

Stad

Voss bibliotek

Arrangør

I samarbeid med Human-Etisk forbund

Kvifor elskar me? Kva skjer når me opplever den store romantiske kjærleiken? Kvifor er menneske så ofte monogame? Korleis kan homofili forklarast evolusjonsbiologisk? Og kva skal me eigentleg med kjærleiken til venner, Gud og fotballaget?

Med utgangspunkt i boka "Evig kjærlighet - Den evolusjonære historien" forklarer Vibeke Riiser-Larsen og Erik Tunstad i dette føredraget kva kjærleik er, korleis denne drivkrafta har utvikla seg og kvifor ho har vore nyttig for oss reint evolusjonært. Det er også eit foredrag om korleis kjærleiken artar seg, både hos dyr og menneske.

Vibeke Riiser-Larsen er forfattar og forskingsskribent. Ho publiserte i 2023 boka "Evig kjærlighet - Den evolusjonære historien", i samarbeid med Erik Tunstad. Ho har elles gitt ut ein roman i tillegg til fire bøker i sakprosasjangeren.

Erik Tunstad er biolog, forskingsjournalist og forfattar. Han publiserte i 2023 boka "Evig kjærlighet", saman med Vibeke Riiser-Larsen. Han har elles gitt ut fleire bøker, særleg om naturvitskaplege emne.

Arrangementet i samarbeid med aktivitetsutvalget i Human-Etisk Forbund

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content