Til arrangement

Den gode melodi: Alf Prøysen - ein del av historia til Noreg

Musikk og konsert
For alle

Konsertframsyning om livet til Alf Prøysen

Bilde av den gode melodi
Foto: Foto: Den gode melodi
Bilde av den gode melodi
Foto: Foto: Den gode melodi
Bilde av den gode melodi
Foto: Foto: Den gode melodi

Gratis - inga påmelding

Dato

ons 21. februar

Tid

18:00 - 19:00

Stad

Voss bibliotek

Historia om Alf Prøysen er historia om ein klasse­reise med mange hindringar. Fødd som husmannsgut og ende som ein av Noregs mest elska visediktarar. Han har blitt allemannseige. Det er lett å gløyme kor tung vegen var å gå, og i dag er boka «Trost i taklampa» ikkje lenger ei bok alle må lesa. Den var i si tid Noregs mest selde bok og utløyste debatten om flukta frå bygda. Ho vart dramatisert og filma og gjorde Prøysen til ein mediestjerne i samtida, ein hylla artist som sleit med dårleg sjølvtillit, for alltid ein «husmannsgut».

Konsertframsyninga, som hentar stoff frå Ove Røsbak sin bok «Alf Prøysen», er historia om retten til å vera seg sjølv, gå med den hatten ein vil, trosse folkesnakket. Men det er òg historia om alle bølgedalane som følger med det å være berømt . Mot slutten av livet merka Prøysen godt at nordmenn hadde fått smak for engelskspråkleg populærmusikk, Beatles, Elvis, jazz, og interessa for livet på landet var dalande.

"Den gode melodi" er ein profesjonell duo bestående av Leif Blix og Lars Nygaard. Dei har turnert saman siden 1992.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content