Til arrangement

Delt lesing

Lesesirkel
Vaksne
Ungdom

Bli med på ein litterær pustepause med Shared Reading.

Fem personar sitt rundt eit bord med tekstar og kaffimat
Foto: Trøndelag fylkesbibliotek
Fem personar sitt rundt eit bord med tekstar og kaffimat
Foto: Trøndelag fylkesbibliotek
Fem personar sitt rundt eit bord med tekstar og kaffimat
Foto: Trøndelag fylkesbibliotek

Gratis - inga påmelding

Dato

torsdag, 7. desember 2023

Tid

17:30 - 18:30

Kva er Shared Reading?

Metoden er enkel. Den går ut på at ein leseleiar les ein skjønnlitterær tekst høgt i ei gruppe, og deretter har gruppa ein samtale om teksten.

Fyrst les gruppa ei novella, så eit dikt. Fokuset i samtalen er ikkje på litterær analyse, men på opplevinga av teksten. Me undrar oss saman. Målet er ikkje å kome fram til ei felles tolking, men å bringa inn forskjellige perspektiv og opplevingar av teksten, slik at me utvidar opplevinga for kvarandre. Me les for å bli klokare på oss sjølv – og andre.